Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Adressetildeling

Skal kommunen tildele eller endre ei adresse, har du som blir påverka rett til å uttale deg.

Tenesteomtale

Før kommunen tildeler eller endrar vegadresse, skal kommunen informere den registrerte eigaren eller registrerte festaren. Vedkomande og andre som blir påverka av avgjerda, skal få høve til å uttale seg. Kommunen tildeler adresse så snart det er nødvendig og seinast saman med igangsetjingsløyve for byggjetiltaket.

Det er kommunen som avgjer adressenamnet. Skrivemåten blir fastsett etter reglane i lov om stadnamn.

Adressa skal om mogleg knytast til den vegen eller gata eigedommen har godkjend tilkomst frå. Høvet til å få endra adresse er avgrensa. Det skjer normalt berre dersom kommunen har gjort ein feil eller eigedommen har fått tilkomst frå ei anna gate enn tidlegare.

Offisiell adresse skal tildelast bygningar som blir brukte til bustad- eller fritidsføremål, til næringsverksemd eller til offentleg eller publikumsretta verksemd. Kommunen kan òg tilleggje andre eigedommar eller lokale offisiell adresse dersom det er føremålstenleg. Kommunen kan tildele eller endre adresse

  • når ein skal endre tilkomstvegar
  • når ein skal oppføre nye bygg
  • når det er vanskeleg å finne fram til ei adresse

Målgruppe


Kriterium/vilkår


Pris for tenesta


Samarbeidspartnarar


Lover

Sjå 
Matrikkellova kapittel 4 Adresser til eigedommar og bygningar.
Matrikkelforskriften Kapittel 12 Offisiell adresse og § 22 Supplerende regler om klage.
Lov om stadnamn §§ 4 og 5.

Matrikkelforskriften
Forvaltningsloven
Stadnamnlova
Matrikkellova
Forskrift om stadnamn

Høve til å klage

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du fekk vedtaket. Klagen sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klagen skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Klageretten er avgrensa til

a) kva gate, veg eller liknande ei bygning eller ein eigedom skal ha adresse til,

b) kva adressetilleggsnamn eller matrikkeladressenamn som er tildelt adressa og

c) feil tildelt adressenummer eller brukseiningsnummer. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing.

Klageinstans er statsforvaltaren. Før klagen blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir ståande, vil saka bli sendt til statsforvaltaren.

Tjenesten oppdatert: 23.06.2023 09:59