Alle som skal byggje, rive eller rehabilitere bygg av ein viss storleik, skal lage ein plan for korleis avfallet skal handterast (gjeld òg tiltak som ikkje er søknadspliktige etter plan- og bygningslova). Minst 60 prosent av avfallet må kjeldesorterast. Målet er mellom anna å hindre at miljøfarlege stoff blir spreidde, redusere mengda byggavfall og auke gjenbruk og gjenvinning.
Etter at tiltaket er fullført, skal avfallsprodusenten sende inn sluttrapport som dokumenterer kor mykje som er innlevert av dei ulike avfallsfraksjonane.
Etter byggesaksforskrifta § 8-1 skal sluttrapport sendast inn saman med søknad om ferdigattest.
Alt avfall frå riving og miljøsanering må handterast og dokumenterast før du kan få ferdigattest.