Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Fritak frå enkelte aktivitetar på grunn av livssyn

Elevar har rett til fritak frå aktivitetar i opplæringa som dei opplever som utøving av ein annan religion eller livssyn. Foreldre eller elevar over 15 år må sende skulen ei melding der dei ber om fritak, men treng ikkje å oppgi nokon grunn.

Tenesteomtale

Enkelte aktivitetar i skulen kan opplevast som utøving av ein annan religion eller ein kultur, eller at delar av undervisninga verkar støytande eller krenkjande. I så fall kan foreldra eller elevar over 15 år, be om fritak.
 
Å be om fritak betyr at du ikkje treng å søkje om noko, det held å seie frå at du vil fritakast. Kompetansemåla i faget står ved lag sjølv om du får fritak frå enkelte aktivitetar. Det betyr at du må gjennomføre andre aktivitetar som skal sikre like mykje undervisning som dei andre elevane får.
 
Generelt sett skal det ikkje vere nødvendig å be om fritak frå den vanlege KRLE-opplæringa, då ho ikkje inneheld noka form for utøving av religion eller forkynning av religion.

Målgruppe

Elevar i grunnskulen.

Kriterium/vilkår

Retten til å få fritak tek utganspunkt i opplevinga foreldra eller eleven har, men det skal vere ei rimeleg felles forståing av at aktiviteten kan stri mot eit anna livssyn. Eit døme er å ete svinekjøtt.

Brosjyrar, dokument,
kart og liknande

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Fram til du er 15 er det foreldra dine som sender ein skriftleg meldig til skulen om fritak. I meldinga skriv de kva fag eller aktivitetar eleven skal fritakast for. De treng ikkje oppgi ein grunn.
 
Elevar som har fylt 15 år kan sende melding sjølv.

Tjenesten oppdatert: 29.05.2024 17:05