Har du noko å feire? Da kan du fyre av eit festleg fyrverkeri, men først må du ha løyve frå brannvesenet, grunneigaren og politiet. Fyrverkeri er eksplosiv vare som du må behandle på ein sikker og forsvarleg måte. Les og følg bruksrettleiinga nøye.
Planlegg du eit større arrangement med eit profesjonelt fyrverkeri, må du ha løyve frå grunneigaren.
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) har mange gode tips for ei forsvarleg handtering. Sjå lenkja nedanfor.
Nyttårsaftan er det lov å fyre opp fyrverkeri mellom kl. 18.00 og kl. 02.00, og det er ikkje nødvendig med søknad.
Merk at
-
det er forbod mot privat bruk av pinnerakettar
-
det er 18 års aldersgrense for bruk av fyrverkeri (under dette store stjerneskot)
-
det er 12 års aldersgrense for bruk av små stjerneskot