Kven skal du sende til:
Dersom du sender nabovarselet digitalt via Altinn, finn du kva naboar du bør varsle. Skal du sende på papir, kan du kontakte kommunen for ei oversikt over kven du skal varsle.
Nabovarselet skal innehalde:
-
Forklaring av kva du har tenkt til å gjere
-
Situasjonskart der du har teikna inn alt som skal byggjast, blir rive eller endra
-
Teikningar som viser kva som skal endrast eller byggjast
-
Dersom du skal søkje kommunen om dispensasjon frå krava i lov eller reguleringsplan, skal nabovarselet innehalde informasjon om dette
-
Eventuelt annan dokumentasjon som hjelper naboane å forstå kva du har tenkt til å gjere
-
Ein svarfrist på minst to veker.
Du kan sende nabovarselet på fleire måtar:
-
Digitalt via Altinn
-
Personleg overlevering
-
E-post eller sms. (merk at naboen må stadfeste å ha motteke varselet)
-
Rekommendert brev gjennom posten.
Etter at du har sendt nabovarsel:
Ta vare på alle kvitteringane som stadfestar at naboane har motteke varselet ditt.
Dersom naboane har merknader til byggjeprosjektet, må du vurdere om du skal endre prosjektet og sende inn nabovarsel på nytt. Dersom du ikkje endrar prosjektet må du skriftleg kommentere alle merknader frå naboane.
Sende inn byggjesøknaden med dokumentasjon på at naboane er varsla og forklaring på korleis du har teke omsyn til merknadene.