Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Opplæring i kvensk/norskfinsk

Kvensk er eit nasjonalt minoritetsspråk. Kvensk blir av nokon også kalla norskfinsk. Som minoritetsspråk er det verna og skal sikrast som eit språk som kan brukast. Derfor er det eigne rettar i skulen for dei som snakkar kvensk.

Tenesteomtale

Elevar med kvensk/norskfinsk bakgrunn som går på skule i Troms og Finnmark, har rett til opplæring i kvensk eller finsk i grunnskulen uavhengig av kor mange elevar per kommune eller skule som ønskjer slik opplæring.
 
Fram til 7. trinn er det foreldra som vel om elevane skal ha opplæring i kvensk eller finsk. Frå og med 8. trinn er det elevane sjølv som vel.
 
Fordi det kan vere vanskeleg å finne kvalifiserte lærarar til kvenskopplæring, kan skulen velje å tilby opplæringa som fjernundervisning. Det kan også tilbydast gjennom intensivopplæring eller som eit særleg leirskuleopphald.

Målgruppe

Elevar i grunnskulen.

Lover

Dette er ei lovpålagd teneste. Sjå spesielt
Opplæringslova § 3-3, § 14-2 og § 14-4.

Forvaltningsloven
Ny opplæringslov

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Meld frå til skulen dersom barnet ditt har kvensk/norskfinsk bakgrunn og du ønskjer at barnet skal få opplæring i kvensk/norskfinsk. Skolens fattar så eit enkeltvedtak.
 
Korleis skulen vel å gi opplæringa i kvensk, til dømes gjennom fjernundervisning, er ikkje eit enkeltvedtak, og har ikkje dei same klagemoglegheitene.

Saksbehandling

Før skulen gjer eit vedtak, vil du bli varsla om at skulen behandlar saka di, og du vil få høve til å uttale deg. Skulen skal innhente alle nødvendige opplysningar for å avgjere saka, og du har rett til å sjå dokumenta i saka. Vedtaket vil innehalde grunngivinga til skulen, korleis dei kom fram til avgjerda, og kven som har vore involvert i behandlinga. Vedtaket vil bli sendt til deg skriftleg.

Saksbehandlingstid

Skulen skal behandle saka så snart som mogleg. Viss saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg beskjed om grunnen til dette. Du skal samtidig få opplyst når det er grunn til å tru at vedtaket blir gjort.

Høve til å klage

Viss du er misfornøgd med vedtaket, kan du klage innan ein frist på tre veker frå du fekk det. Forklar kva du er misfornøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Viss du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Held oppe kommunen si avgjerd, blir saka send vidare til statsforvaltaren som avgjer om klaga skal takast til følgje.

Tjenesten oppdatert: 29.05.2024 17:10