Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Språkopplæring for elevar med eit anna morsmål enn norsk

Elevar som har eit anna morsmål enn norsk og samisk skal få eiga opplæring i norsk fram til dei kan norsk godt nok til å følgje den vanlege opplæringa.

Tenesteomtale

Forsterka opplæring i norsk vil seie at norskopplæringa blir gitt som eit andrespråk, altså som eit språk ein ikkje er vakse opp med. Elevar vil få forsterka opplæring i norsk fram til dei kan norsk godt nok til å følgje den vanlege opplæringa. Om nødvendig skal dei også få opplæring i eige morsmål, eller tospråkleg opplæring i fag.
 
Det er foreldra som søkjer skulen om å få særskild språkopplæring. For elevane som får dette, vil fylkeskommunen jamleg vurdere om eleven er klar til å følgje den vanlege opplæringa.
 
Kommunen kan gi opplæringa i morsmål på ein annan skule enn den eleven går på, og opplæringa kan givast i eigne innføringsklassar. Før eleven blir plassert i ein innføringsklasse, skal dei bli spurde om det og dei skal samtykkje til å få opplæringa i innføringsklassar.

Målgruppe

Elevar i grunnskulen.

Lover

Dette er ei lovpålagd teneste. Sjå spesielt
Opplæringslova § 3-6.

Forvaltningsloven
Ny opplæringslov

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Skulen vil gjere ei fagleg vurdering av behovet til eleven for forsterka norskopplæring og eventuelt opplæring i eige morsomål eller tospråkleg opplæring. Deretter fattar skulen eit enkeltvedtak.

Saksbehandling

Før skulen gjer eit vedtak, vil du bli varsla om at skulen behandlar saka di, og du vil få høve til å uttale deg. Skulen skal innhente alle nødvendige opplysningar for å avgjere saka, og du har rett til å sjå dokumenta i saka. Vedtaket vil innehalde grunngivinga til skulen, korleis dei kom fram til avgjerda, og kven som har vore involvert i behandlinga. Vedtaket vil bli sendt til deg skriftleg.

Saksbehandlingstid

Skulen skal behandle saka så snart som mogleg. Viss saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg beskjed om grunnen til dette. Du skal samtidig få opplyst når det er grunn til å tru at vedtaket blir gjort.

Høve til å klage

Viss du er misfornøgd med vedtaket, kan du klage innan ein frist på tre veker frå du fekk det. Forklar kva du er misfornøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Viss du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Held oppe kommunen si avgjerd, blir saka send vidare til statsforvaltaren som avgjer om klaga skal takast til følgje.

Tjenesten oppdatert: 29.05.2024 17:18